Bispen I Moskenes
Bispen er eit gjengs namn på grunnar i sjøen, skjer, holmar, nes og andre formasjonar som skil seg ut, ved å vere farlege eller pga. særmerkt form, slik som fjellet Bispen i Rauma k. i Romsdal.


Mindre kjend er Bispen i Hermannsdalen i Lofoten, endå han slett ikkje er nokon småglunt. Det mest spesielle ved han er to omtrent like store halvdelar, og det er nokså innlysande at dei som eingong la namnet, må ha kjent vel til kva form den særprega todelte katolske bispehuva mitra har.
Bak seg i fjellet like over på Bunes-sida har Bispen Trollhauvet, så her aner vi drabeleg konfrontasjon eller styrkeprøve maktene imellom. På kartet er Bispen dessverre blitt til «bispelua», ei tvers igjennom forfalska namnelaging, for det heiter ikkje «lue» i lofotmålet.